Nr 81
juni 2021

Lesekiosken på Bjørke

– Bang! Sa Krølla høgt.
– Kva var det der? spurde Magnus, storebroren min.
– Enten, sa mamma, – så er det ein naturkatastrofe, eller så har Lena Lid kome heim frå ferie.

Frå "Keeperen og havet" av Maria Parr

Fleire var lei seg da mange av landets telefonkioskar vart fjerna fordi dei ikkje lenger hadde nokon funksjon. I bygda Bjørkedalen i Volda tok lokalbefolkninga grep da Telenor kom for å fjerne telefonkiosken deira i 1997. Den raude telefonkiosken stod igjen som ett av få symbol mot fråflytting og nedbygging. Bygdefolket lenkja difor fast kiosken i store tømmerstokkar. Siden har han fått navnet Prillar-Guri etter sognfiguren, og har vore ein turistattraksjon i bygda. Nå har han fått nytt liv ved å bli lesekiosk.

>Programleiar Linda Eide har teke med historia om telefonkiosken på Bjørke i serien Norsk attraksjon, sjå episoden her.